Omkring oss
Natur
Anten du vil oppleva fjorden, fjella eller Folgefonna, er Sjøtunet eit godt utgangspunkt for dagsturar eller eit startpunkt for lengre turar. Me har båtar til utleige, kajakk og fiskeutstyr til utlån. Spør oss gjerne om turtips.
Kultur
Hardanger er ein region med ei rik historie og eit blomstrande kulturliv. Spør oss om gardens historie og kva som står på programmet når du er på besøk.
Lokalmat
Vil du få ein smak av Hardanger medan du er her, kan me freista med kort veg til lokalprodusert gull. Hardingkokkane, gamle som nye, har mykje å by på anten du ønskjer å smake på tradisjonell lokalmat eller utradisjonell mat på lokale råvarer. Me deler gjerne favorittane våre!
Me elskar å laga mat frå botnen av med lokale råvarer. Me vil at du som er gjest hos oss komma til eit kjøkken som gjer det mogleg å gjera det same. Si ifrå om du manglar noko på kjøkkenet.
Kortreist mat frå nabolaget
Her i Sjøtunet…
dyrkar me plommer og bringebær. Du kan handla det heimelaga syltetøyet vårt i gardsbutikken, kjent for mykje smak og lågt sukkerinnhald. Forsyn deg gjerne av urtene langs drivhuset når du lagar mat.
Felles gardsbutikk for gardane på Rykkje øvst i Rykkjevegen
Grenda me bur i heiter Rykkje, og me er heldige som er omgitt av fantastiske naboar og fleire gardar som leverer produkt av høg kvalitet til butikkar og restaurantar i Hardangerområdet. Øvst i vegen finn du den sjølvbetente gardsbutikken på Tone og Ivars gard «Kjøkkenhagen på Rykkje». Der finn du dei økologiske grønsakene deira, økologisk kjøtt frå sau og svin frå Cecilie og Tarjeis nabogard Bjørnebruket, og sjølvsagt syltetøyet vårt. Du fyller også finna nokre økologiske produkt og andre lokale produkt avhengig av sesong.
Fisking og sanking
Lån fiskestong og freist lykka frå brygga våre, eller leig ein båt og fisk ute på fjorden. Me får oftast torsk, lyr og makrell på kroken. Avhengig av sesong ligg Sjøtunet i eit godt område for ramsløk, steinsopp og kantarell.
