Hytteutleige
overnatting i fullt innreda og private naustleilegheiter
Trekk deg tilbake på eit av våre naust med utsikt til fjord, fjell og fonn.
Velkomen til oppredde senger, lokalproduserte toalettartiklar og kjøkken med moglegheit for ein god kopp kaffi og gode måltid i godt lag.
Meir om fasilitetar nedover på sida.
Hugs å teikna reiseforsikring før du bestiller reisa for å vera sikker på at du har gyldig avbestillingsforsikring. Me refunderer ikkje under nokon omstende avbestillingar gjort seinare enn 30 dagar før framkomst.
Når du bur på eit av nausta våre er meininga at du skal kunne roe heilt ned i komfortable omgivnader. Innreiinga fortel om 180 år på eit familiedrive mangesysleri. Oppredde senger og ekstra puter, handkle og lokalproduserte toalettartiklar er inkludert i prisen når du bor hos oss.
Me set stor pris på råvarer frå naboar og sambygdingar, ikkje minst å laga mat frå grunn, og vil at våre kjøkken skal vera godt nok utstyrt for likesinna gjester. Derfor er dine ynskjer og forslag til forbetring varmt velkomne.
Kvart naust ligg heilt nede i fjordkanten. Nausta har sjølvsagt direkte tilgang til strand og bryggje, moglegheit for leige av båt og lån av fiskeutstyr. I beddene finn du urter du kan forsyne deg av til matlaginga. I gardsutsalet kan du handla det heimelaga syltetøyet vårt av eigne bær og plommer til frukosten.
– Oppredde senger og handkle.
– Velutstyrt kjøkken for matlaging og servering.
– Bad med dusj, vaskemaskin og hårfønar, lokalprodusert såpe, sjampo og balsam.
– Fiskeutstyr.
Hytta er sjølvsagt varma opp ved framkomst i vinterhalvåret. Spør oss om du treng ekstra pute, handkle eller manglar noko på kjøkkenet.
Naustet (30 m2) er det eldste av nausta i tunet, og me har haldt på stilen frå då hytter var ein fristad med enkle, men komfortable, fasilitetar.
Stove med sittegruppe og to koselege gammaldagse plassbygde senger (110 cm).
Kjøkkenkroken er bygd av gamle pæretre som vaks i Sjøtunet på 1900-talet. Det har komfyr, ventilator og kjøleskap med frysar. Vasskokar, kaffitraktar, handbryggar, espressokanne og kaffikvern.
Bad med dusj, vaskemaskin og hårføner. Såpe, sjampo og balsam.
Skjerma altan med utsikt mot fjorden.
Eigen uteplass med grill/bålpanne.
per natt oktober-mars 2026-27 NOK 1350,-
EARLY BIRD* per natt april-september 2027 NOK 1500,-
utvask NOK 600,-
per hund/opphald NOK 300,- (Hunden skal alltid haldast i band på eigedommen. Takk for at du viser omsyn til barn, husdyr og naboar.)
*Prisane blir regulerte mot KPI hausten 2026.
Sjøloftet (50m2) er bygd over båtslippen vår. Her finn du inngang med trapp opp til stove mot fjorden med salong, matstove og open kjøkkenløysing. Kjøleskap, komfyr, mikrobølgjeomn og oppvaskmaskin. Frysar i kjellar. Vasskokar, kaffikvern, kaffitraktar, handbryggar og espressokanne. God plass til å utfolda seg på kjøkkenet med lokale råvarer eller dagens fangst frå fjorden. Bad med dusj, vaskemaskin og hårføner. Såpe, sjampo og balsam. To soverom med enkeltsenger (75 cm) eller dobbeltseng (150 cm) etter behov. Open hemsløysing frå stove med stige og to gode madrassar (ikkje egna for små born). Seks sengeplassar totalt. Veranda med utsikt mot fjorden, eigen uteplass med bålpanne og direkte tilgang til strand og brygge.
per natt oktober-mars 2026-27 NOK 1800,-
EARLY BIRD* per natt april-september 2027 NOK 2050,-
utvask NOK 700,-
per hund/opphald NOK 300,- (Hunden skal alltid haldast i band på eigedommen. Takk for at du viser omsyn til barn, husdyr og naboar.)
*Prisane blir regulerte mot KPI hausten 2026.