Familien i
Sjøtunet er eit tradisjonsrikt mangesysleri på Rykkje i Hardanger som har vore drive av familien Storaas gjennom 140 år og fem generasjonar. I dag tek me oss av sauer, bringebær, plommer og overnattingsgjester.
Småbruket vart skild ut frå nabobruket «Bjødnagarden» på 1840-talet da Johannes Melstveit gifta seg med bondedotter Anna Sjursdotter og fekk plassen i medgift. Gjennom nærare to hundre år har aktivitetane her spegla ein Hardangerfjord i utvikling. Skipsbyggjeri og smie. Landhandel og gartneri. Husly og husdyr. Frukthagar og fiske. Sjølvberging og storproduksjon. Historia er rik og har satt sine spor overalt på garden.
Sidan familien vår kom hit i 1883 har kvar generasjon fått skapa sin eigen gard med sine eigne føresetnader her i Sjøtunet. Først Jakob og Bolina, så son Jakob og Herborg, soneson Jakob og Gyda, oldeson Alf og Torunn og no tippoldeson Simen og Elisabet. Denne historia og tradisjonen held me høgt vidare inn i femte generasjon.
I dag bur me tre generasjonar i tunet – vertskapet Simen og Elisabet, kårfolket Torunn og Gyda. Hunden Ulla, katten Muskatt og ein liten saueflokk. Dyra er alle veldig glade i kos. Ein del av småbruket vårt ligg på Kvamsøy der sauene bur og beiter frå graset blir grønt til vinteren kjem, og der mesteparten av vinterforet vert hausta.