Velkomen til
Sjøtunet er eit 180 år gamalt småbruk og overnattingsstad ved Hardangerfjorden. Me held spælsau og dyrkar bringebær og plommer. Hos oss kan du bu i naust i fjordkanten heile året.
Når du kjem til Sjøtunet, kjem du heim til oss. Her vil me at du òg skal føla deg som heime, anten du er her for to dagar eller to veker.
I fem generasjonar har familien vår sysla med stort og smått her ved fjordkanten i Hardanger. Rytmen i tunet er prega av sesongane, og kvar sesong har sin sjarm. Vil du oppleva fruktblomstring og lam på vårbeite, dra på eventyr på fjorden ein lys sommarkveld, ha eit utgangspunkt for fotturar frå fjorden til haustfjellet eller ein lun base for skiturane i vinter? I Sjøtunet finn du alt saman, anten du vil trekkja deg tilbake og nyta stille dagar eller slå av ein prat om kva me driv med.
Du er hjarteleg velkomen til å finne roen ved fjorden her hos oss.
Overnatting
Bu i naust med utsikt til fjord, fjell og fonn.
Gardsutsal
Me sel produkt frå eigen gardsdrift.