I Sjøtunet finn du ro ved fjorden.
Heile året.
Ei god base for opplevingar. Nyoppredde senger. Toalettartiklar av høg kvalitet produsert her på Vestlandet. Godt med handkler. Kjøkken med nok av utstyr til ein god kopp kaffi og eit godt måltid i godt lag. I Sjøtunet bor du tett på fjorden med strandlinje, bryggje og båtar til leige i sommarsesongen.
Her på Rykkje, i Øystese og Norheimsund, finst gode moglegheiter for å handla lokale mat- og drikkevarer. Me oppmodar til å handla maten så lokalt som mogleg når du er her. Eller sanka råvarene sjølv i fjorden, skogen og fjella. Har du gløymt fiskeutstyr kan du få låna stang av oss.
Overnatting
Bu i eit av våre usjenerte naust med utsikt til fjord, fjell og fonn.
Båtleige
Når du bur hos oss kan du leige ulike type båtar for å oppdage fjorden på eigen hand.
Gardsutsal
Me sel produkt frå eigen gardsdrift.