Gardsutsal
Me sel produkt frå eigen gard
av eigne bær og plommer
På kjøkkenet i Sjøtunet står tre generasjonar og koker syltetøy av våre eigne bringebær og plommer. Kom og vel din favoritt.
Avtal ein tur innom gardsutsalet, eller send ein førespurnad til post@sjotunet.no om du ønskjer å bestilla langvegsfrå.
Du får óg tak i syltetøyet vårt i det sjølvbetente gardsutsalet til naboen, Kjøkkenhagen på Rykkje.
Då vi tok over garden, delte vi ei diger gammal jordbærrabarbra i mange små og starta ein ny liten åker. No har ho fått etablert seg saman med nokre tilskot av Victoria-rabarbra. Etter litt testing har vi funne ut at kombinasjonen av rabarbra og plomme gjev eit utsøkt syltetøy.
Medium glass NOK 120,-
På plommetrea våre veks sortane Reine Claude d’Oullins, Opal, Blåplomme og Victoria. Alle med kvar sin særeigne historie, smak og konsistens.
Medium glass Blåplomme NOK 120,-
Medium glass «D’oullins» NOK 120,-
Medium glass Opal NOK 120,-
Medium glass Victoria NOK 120,-
frå eigne sauer og kalvar
Du kan få skinn i alle fargenyansar, frå eigne spelsau og kalvar som har levd gode liv på Kvamsøy og i fjellet rundt Hamlagrøvatnet. Kom og vel deg ditt favorittskinn!
Ideelt som gåve, til hytta eller heime i stova. Kvaliteten på skinna bærer preg av at dyra har gått ute på frodig beite.
Foto: Geir Ellingsrud