Booking- og betalingsvilkår

Avbestilling

Sjøtunet er eit familiedrive småbruk som er avhengig av stabile bookingar, og er derfor særleg sårbart for sene endringar. Følgjande vilkår gjeld for avbestilling og endring av bestilling:

Ved avbestilling eller endring frå bestillingstidspunktet og fram til 30 dagar før planlagt ankomst, vert det belasta eit avbestillingsgebyr på 5 % av bestillinga.

Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før planlagt ankomst, vert heile bestillinga belasta.

Gjesten er sjølv ansvarleg for å ha gyldig reiseforsikring og for å kontrollere at opplysningar om ankomst- og avreisedato er korrekte. Ved reduksjon i talet på gjestar i ei bestilling gjeld dei same avbestillingsvilkåra som for den opphavlege bestillinga.

Avbestilling skal skje skriftleg via e-post til post@sjotunet.no eller via tilgjengeleg lenke på nettsida.


Force majeure / ansvarsfråskriving

Sjøtunet er ikkje ansvarleg for tap, kostnader eller ulemper som skuldast forhold utanfor Sjøtunet sin kontroll, inkludert, men ikkje avgrensa til, vêrtilhøve, stengde vegar, tunnelar eller andre infrastrukturelle avgrensingar.

Dersom slike forhold gjer det umogleg eller uforsvarleg å gjennomføre opphaldet, kan Sjøtunet kansellere bestillinga. I slike tilfelle er Sjøtunet ikkje ansvarleg for dekning av gjestens direkte eller indirekte kostnader.


Betalingsvilkår

Bestillinga vert rekna som bindande når betaling er gjennomført. Avbestillingsvilkåra gjeld uavhengig av betalingstidspunkt.


Reingjering

Dersom sluttreingjering ikkje er bestilt, men hytta vert forlatt utan at tilfredsstillande eigenreingjering er utført, vert reingjeringsgebyr for hytta belasta utan nærare varsel.


Skadar og ansvar

Gjesten er økonomisk ansvarleg for eventuelle skadar på hytter, inventar eller anna utstyr som oppstår i samband med opphaldet.


Tryggleik og eigedelar

Sjøtunet og området i Hardanger er generelt eit trygt område å opphalde seg i. Gjesten vert likevel tilrådd å låse hytta når ho ikkje er i bruk, og å ha gyldig reiseforsikring med full dekning. Sjøtunet tek ikkje ansvar for tap, skade eller tjuveri av gjestens eigedelar.


Husdyr, natur og bandtvang

Sjøtunet og naboane har husdyr som sau, geit, gris, høns, kyr og ender. I tillegg finst hjort og anna småvilt i nærområdet.

Gjesten pliktar å respektere gjeldande reglar om bandtvang for hund i perioden 1. april til og med 20. august. Brot på bandtvang kan medføre reaksjonar i form av bøter, fengselsstraff og i alvorlege tilfelle avliving av hund.


Personopplysningar

Ved bestilling på www.sjotunet.no vert følgjande personopplysningar lagra: namn, adresse, kontaktinformasjon og eventuelle tilleggsopplysningar oppgitt i samband med bestillinga.

Formålet med behandlinga er å administrere og gjennomføre bestillinga. Gjesten kan når som helst be om innsyn i, retting av eller sletting av personopplysningar som er lagra, med unntak av opplysningar som er nødvendige for gjennomføring av aktive bestillingar eller som Sjøtunet er rettsleg forplikta til å oppbevare.

Personopplysningar vert ikkje brukte til marknadsføring utan eksplisitt samtykke frå gjesten.

Sjøtunet AS sel ikkje personopplysningar til tredjepart, og personopplysningar vert ikkje delte, bytte eller vidareformidla utan rettsleg grunnlag eller gyldig samtykke.

Sist oppdatert 28.05.2026