Gardsutsal
Me sel produkt frå eigen gard
av eigne bær og plommer
På kjøkkenet i Sjøtunet står tre generasjonar og koker syltetøy av våre eigne bringebær og plommer. Kom og vel din favoritt.
Avtal ein tur innom gardsutsalet, eller send ein førespurnad til post@sjotunet.no om du ønskjer å bestilla langvegsfrå.
Du får óg tak i syltetøyet vårt ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og i det sjølvbetente gardsutsalet til naboen, Kjøkkenhagen på Rykkje.
Bringebæra veks på friland i solvendt bakke og får lys frå fjorden og Folgefonna. Sorten er Glenn Ample som gjev tørre og søte bær til dessert og syltetøy.
Medium glass NOK 110,-
Stort glass NOK 150,-
På plommetrea våre veks sortane Reine Claude d’Oullins, Opal, Blåplomme og Victoria. Alle med kvar sin særeigne historie, smak og konsistens.
Medium glass Blåplomme NOK 110,-
Medium glass «D’oullins» NOK 110,-
Medium glass Opal NOK 110,-
Medium glass Victoria NOK 110,-
frå eigne sauer og kalvar
Du kan få skinn i alle fargenyansar, frå eigne spelsau og kalvar som har levd gode liv på Kvamsøy og i fjellet rundt Hamlagrøvatnet. Kom og vel deg ditt favorittskinn!
Ideelt som gåve, til hytta eller heime i stova. Kvaliteten på skinna bærer preg av at dyra har gått ute på frodig beite.
Foto: Geir Ellingsrud