Opplevingar
omkring oss
Sjøtunet ligg midt i Hardanger, omkransa av rå natur, kulturhistoriske spor og eit eldorado av mat- og drikkeprodusentar.
Og – sjølv om Hardanger er vakkert som i eit eventyr om sommaren, er Sjøtunet ein god stad å vere heile året. Om hausten er skogen og fjella fulle av sopp, bær og fargar, om vinteren gir dei lune nausta våre ei heilt eiga ro, og om våren blir me omgitt av nyfødde lam og blomstrande frukttre.
Når du bur hos oss har du eit fint utgangspunkt for turar på fjorden og i fjellet, i natur og kulturlandskap. Prisvinnande sider- og matprodusentar er berre ein liten bil- eller båttur unna. Spør oss om fjellturar utanfor allfarveg, om lokale råvarer og om kor du får fjellaure eller torsk på kroken. Sjekk kartet over favorittane våre før du reiser hit, så går du ikkje glipp av perlene på vegen.
lokalmat og lokale råvarer
Vil du få ein smak av Hardanger mens du er her, kan me freista med kort veg til lokalprodusert gull. Me jobbar med å utstyra kvart naust sitt kjøkken på same måte som vårt eiget – for at du skal kunna laga den maten du ville laga heime hos deg sjølv. Uten å bli avgrensa av mangel på utstyr. Rundt drivhuset vårt kan du forsyna deg av urteplantene i sommarsesongen, og i utsalet vårt finn du syltetøy heile året. Naboene våre sel ferske gardsegg, økologisk lammekjøtt, frukt og grønsaker (i sesongen). Ein biltur unna finn du meir grønsaker og frukt, bygdeysteri, gardsmeieri, gardsslakteri, bakst, fjærkre, ølbryggjeri, sider og saft. Mange produsentar tilbyr òg omvisning og opplevingar, som til dømes sidersafari.
Vil du ut og ete, har Hardingkokkane, gamle som nye, mykje å by på anten du ønskjer å smaka på tradisjonell lokalmat eller utradisjonell mat på lokale råvarer. Dei kan overraska deg med steinovnsbakt pizza som du skulle tru kom rett frå Italia, utsøkt feinschmeckeri hos bortgjemte perler langs fjorden, og ikkje minst kosten hardingane har vakse seg gjeve på – potetkaker, røykekjøtt, hakkasteik og komle.
Me deler gjerne favorittane våre med gjestene våre.
frå fjord til fjell
Med utsikt rett på fjorden, fjella og Folgefonna er det lett å lengta til fjells sommar som vinter.
Spenner du fjellskia på midtvinters kan du gå heile vegen frå oss til Voss om du vil. Vil du ha vinter om sommaren er vegen over fjorden til skisenteret og breførarane på Folgefonna ei oppleving i seg sjølv.
På sommaren følgjer sauebøndene buskapen frå fjord til fjells, og dei gamle dyretråkka lèt deg utforska fjella rundt fjorden uforstyrra og i eige tempo. Vårt tråkk tek oss innerst i Fyksesundet, opp Botnadalen til stølen vår ved Hamlagrøvatnet. Me har mange tilrådingar, og oppdagar stadig nye favorittar.
Fortel oss kva du vil oppleva, så skal me senda deg i riktig retning.
Helleristningar, gravhaugar, munketrapper, fleire århundrar med naturturisme, brureferd, saltvegar, nasjonalromantiske landskapsmålarar, hardingfele, industrieventyr, sjøfart og bondekultur.
Historia i Hardanger er rik og unik. Der ingen i dag skulle tru at nokon kunne bu, skulle inga tru at nokon ikkje kunne bu då fjorden var vegen. Freda klyngetun, kulturberarar og eit mangfald av museum og besøkssenter fortel historiene sine.
Men kulturtilbodet lokalt er ikkje berre prega av alt som har vore. Hardingane banar òg veg framover. Her finst musikkfestivalar som trekkjer sjølv byfolk ut på bygda, eitt av James Turrell sine skyspaces, og eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern. Blant mykje anna.
Spør oss om kva som står på programmet når du er på besøk.