Overnatting
i fullt innreda og private naust
Trekk deg tilbake på eit av våre naust med utsikt til fjord, fjell og fonn.
Velkomen til nyoppredde senger, godt med handkle, lokalproduserte toalettartiklar frå Fitjar Islands og kjøkken med moglegheit for ein god kopp kaffi og gode måltid i godt lag.
Meir om fasilitetar nedover på sida.
Hugs å teikna reiseforsikring før du bestiller reisa for å vera sikker på at du har gyldig avbestillingsforsikring. Me refunderer ikkje under nokon omstende avbestillingar gjort seinare enn 14 dagar før framkomst.
Når du bur på eit av nausta våre er meininga at du skal kunne roe heilt ned i komfortable omgivnader. Innreiinga fortel om 180 år på eit familiedrive mangesysleri. Oppredde senger og ekstra puter, handkle og lokalproduserte toalettartiklar er sjølvsagte fasilitetar hos oss.
Me set stor pris på råvarer frå naboar og sambygdingar, ikkje minst å laga mat frå grunn, og vil at våre kjøkken skal vera godt nok utstyrt for likesinna gjester. Derfor er dine ynskjer og forslag til forbetring varmt velkomne.
Kvart naust ligg heilt nede i fjordkanten. Nausta har sjølvsagt direkte tilgang til strand og bryggje, moglegheit for leige av båt og lån av fiskeutstyr. Rundt drivhuset vårt finn du urter du kan forsyne deg av til matlaginga i sommersesongen. I gardsutsalet kan du handla det heimelaga syltetøyet vårt av eigne bær og plommer til frukosten.
– Sengetøy* og handkle.
– Såpe, sjampo og balsam frå dei vestlandske såpemakarane Fitjar Islands.
– Velutstyrte kjøkken for matlaging og servering.
– Eige bad med dusj, vaskemaskin og hårfønar.
– Fiskeutstyr.
– Kajakk.
Hytta er sjølvsagt varma opp ved framkomst i vinterhalvåret. Spør oss om du treng ekstra pute, handkle eller manglar noko på kjøkkenet!
*Vennligst ikkje bruk eige sengetøy eller sovepose i sengene våre pga auka skadedyrrisiko).
Naustet (30 m2) er det eldste av nausta i tunet, og me har haldt på stilen frå då hytter var ein fristad med enkle, men komfortable, fasilitetar.
Det er plass til to vaksne og eventuelt to små barn.
Stove med sittegruppe og to koselege gammaldagse plassbygde senger (110 cm).
Kjøkkenkroken er bygd av gamle pæretre som vaks i Sjøtunet på 1900-talet. Det har minikomfyr og kjøleskap med frysar. Vasskokar, kaffitraktar, handbryggar, espressokanne og kaffikvern.
Bad med dusj, vaskemaskin og hårføner. Såpe, sjampo og balsam frå Fitjar Islands.
Skjerma altan med utsikt mot fjorden.
Eigen uteplass med grill/bålpanne.
per natt oktober-mars NOK 1150,-
per natt april-september NOK 1250,-
utvask NOK 600,-
per hund/opphald NOK 300,-
Pakkhuset (80m2) er det nyaste naustet i tunet. Det vart bygd på fundamenta til det som vart pakkhuset til gartneriet i andre halvdel av 1900-talet. Her er det god plass til vennegjengen eller familien.
Pakkhuset er tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne.
Stove mot fjorden med salong, vedomn, matstove og open kjøkkenløysing. Kjøleskap, frysar, komfyr, mikrobølgjeomn og oppvaskmaskin. Vasskokar, kaffikvern, kaffitraktar, handbryggar og espressokanne. God plass til å utfolda seg på kjøkkenet med lokale råvarer eller dagens fangst frå fjorden.
Bad med dusj, vaskemaskin og hårføner. Såpe, sjampo og balsam frå Fitjar Islands.
Tre soverom med enkeltsenger (75 cm) eller dobbeltseng (150 cm) etter behov. Sju sengeplassar totalt.
Veranda med utsikt mot fjorden og eigen nedgang til stranda, samt gassgrill.
per natt inntil 4 gjester oktober-mars NOK 1800,-
per natt inntil 4 gjester april-september NOK 1900,-
per natt/gjest nr. 5-7 NOK 200,-
utvask NOK 800,-
per hund/opphald NOK 300,-