Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon

Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon

Velkomen til oss!

På Rykkje, 5 km frå Øystese sentrum, ligg Sjøtunet med Pakkhuset, Sjøloftet og Naustet, tre fullt utstyrte utleigeeiningar. Idylliske omgjevnader på ein fruktgard ved Hardangerfjorden. I tunet bur Torunn og Alf, «besto» Gyda, hunden Vilma, katten og sauene. Son Simen og dotter Mari er ofte i tunet, men bur for tida i Bergen.

I Øystese og Norheimsund er det butikkar, hotell og restaurant. Avstand til Bergen er 85 km, om lag 1,5 time med buss eller bil.

Hyttene har utsikt over fjorden, eigen avskjerma uteplass og moglegheit for leige av båt og fiskeutstyr.

Tilgang på plommer og bringebær i sesongen, kjøtt og skinn frå eigne dyr kan kjøpast heile året.
 
Plassen er bygd som handelsplass i 1850, med småbruk i tillegg. Frå 1945 var hovudnæringa veksthus med tomat, agurk og blomsterproduksjon. I dag driv vi med sau, kalvar, bringebær, plommer og utleigehytter, sal av eigne produkt og kurs- og selskapslokale.

Ein del av småbruket vårt ligg på Kvamsøy der sauene beiter vår og haust, og der mesteparten av vinterforet vert hausta.

Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon