Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon

Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon

Lokalt - Aktivitetar
(Klikk på dei ulike tittlane i bold for å gå direkte til dei ulike nettsidene)


Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon

Lokalt i Kvam


Kvam Turistinformasjon. 
Den offisielle turistinformasjon for Kvam Herad. Sjøtunet og Kvam Herad ligg midt i hjarte av Hordaland, omlag ein times køyretur aust for Bergen. Her kan du nyta fjord, fjell og det beste Hardanger kan by på av natur, kultur og historie.

Kvam Kulturkalender?
Ei oversikt over kva som skjer i Kvam. Lag og organisasjonar registrerar sine arrangement av ulike slag, så du enkelt kan orientera deg på kva som skjer.

Fyksesund Landskapspark
Fyksesund er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Båtturar til den veglause grenda Botnen, vandring på godt merka turstiar, serveringsstader med lokale smaksopplevingar, utsal av lokal mat, omvising i frukthagar, kajakkutleige, klatring, visningsanlegg for oppdrettslaks er blant tilboda du kan nytta deg av.

Steinstø Fruktgard og Kakebu
Gler seg over å by på kvalitetsfrukt og -bær, heimelaga eplesaft, syltetøy og gelear, smurde lefser, eplekaker og mangt anna godt. Dei har kafé og utsal, Steinstø Frukt- og Kakebu – ved riksvegen, og gardsrestauranten Kjedlaren i gardstunet. Dessutan tilbyd dei ulike aktivitetar for store og små.

Kunsthuset Kabuso/Ingebrigt Vik Museum
Kabuso byr på skiftande utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet. Der kan du oppleva ulike former for kunst, frå verk av til dømes J.C. Dahl, til Damien Hirst. Ei permanent utstilling av den lokale bilethoggaren Ingebrigt Vik. I kammermusikksalen vert det skipa til konsertar og andre arrangement gjennom heile året. I tillegg finn du butikk med bøker, kunstkatalogar og liknande, og ein kafé med lokale produkt, heimebaka kaker av ulike slag.

Gullfiskavatnet
I Gullfiskvatnet kan du mate ”Gullfisk”! Gullfisken er gullvederbuk, sett ut i Skårsvatnet i 1914. Fin raste- og badeplass. Gullfiskvatnet (Skårsvatnet) ligg 5 km frå Øystese på fylkesvegen til Porsmyr/ Fyksesund. 


Hardanger Golfklubb
6 hols bane med drivingrange. 
Klikk her for adresse og kart.


Hardanger Fartøyvernsenter
Er eit maritimt museum som legg vekt på at gjestane skal få sjå handverkarane i arbeid. Alle verkstadane (smie, reiparbahn, båtbyggjarverkstaden og retaureringsverft) er ope for besøkande. Som gjest kan du prøva dine eigne ferdigheiter i små verkstader. I tillegg finn du butikk og kafé.

Steinsdalsfossen
Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur.

Fotturar i skog og mark/ Fjellturar/ Bær- og sopplukking
Ein treng ikkje reise langt frå Sjøtunet før ein skiftar frå fjord til fjell. Ein kan velje mellom korte og lange, tyngre eller lettare turar. Følg linken over for meir informasjon om dei ulike turane og spør oss gjerne om du skulle vera i tvil.

Legg til ny applikasjon
Ved å trykke på knappen over vil du få muligheten til å legge til en applikasjon til dette området.
or
Importer en eksisterende applikasjon

Dagsturar i nærområdet

Bergen
Velkomen til Bergen, ein gamal by med eit ungt sinn. Ein by med føtene i sjøen, hovudet i skyene og hjarta på rett plass, full av smittande Bergens-begeistring som meir enn gjerne delast med besøkjande.

Folgefonni Breførarlag
Folgefonni Breførarlag AS driv, som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største breen i Noreg. Folgefonni Breførarlag har base i Jondal, men arrangerer turar på heile Folgefonnhalvøya. Hovudsesongen er frå kring 1. mai til kring 1. oktober, med hovudvekt på skiturar fram til St. Hans og breturar etter den tid.


Folgefonn Sommarskisenter
FONNA Glacier Ski Resort ligg på nordsida av Folgefonna 1200 m.o.h. i hjarta av Hardanger. Det 1100m lange skitrekket som kan transportera 1200 pers. i timen, har ein høgdeforskjel på 250m. Sommerskisenteret tilbyr alpintløyper, freestylepark, langrennsløyper og guida trugeturar. Somarsesongen startar 1.mai og sluttar 31.august.


Hardangervidda Natursenter
Lokalisert i Eidfjord og er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter. Dei byr på tre etasjar med spennande utstillingar, dioramaer, interaktive stasjonar, utradisjonelle akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar. Dei er eit autorisert nasjonalparksenter for Hardangervidda og formidlar kunnskap og opplevingar om geologi, botanikk, glasiologi, zoologi, arkeologi og ornitologi. Deira nyskapande formidlingsteknologi er ei oppleving for hele familien.


Baroniet i Rosendal
Baroniet Rosendal var eit baroni i noværende Kvinnherad kommune i Hordaland. Baroniet var Noregs einaste og blei oppretta i 1678 av kong Christian V av Danmark-Noreg. Det driftast i dag som eit levande museum med omvisingar, konsertar, foredrag, teater, kunstutstillingar, overnatting og servering.

Norway in a nutshell
Turane til NIN er tilrettelagt for at du skal kunne reise på eigahand. For å gjera det enkelt, har dei lagt opp til gode forbindingar i sine rutetabellar. Ein fleksibel billett gjer at du kan stoppa undervegs og nyta nokre ekstra dagar der du måtte ynskja det. Fjord Tours ynskjer å ta vare på miljøet, difor nyttar dei offentlig transport på sine turer.

Den Norske Turistforening/Kvam Turlag
Den Norske Turistforening (DNT) er Noregs største friluftslivsorganisasjon med over 250.000 medlemmer. Organisasjonen består av 57 medlemsforeninger med tilknytta lokallag. DNT arbeidar for å framme eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvennleg friluftsliv og for å bevara natur og kulturverdiar. Klikk på tittelen over og finn turar i nærleiken av sjøtunet.

Vinteraktivitetar:

Furedalen 
Omlag 30 min frå Sjøtunet (klikk her for reiserute). I Furedalen er det 2 store skitrekk på hver 950m og et barneskitrekk med tilsyn i skjermet område. Det er 6 alpinbakker med til sammen 7.7km lengde, flere vanskelighetsgrader. I tillegg til alpint, egner anlegget seg svært godt for brett og telemark. For de minste er det egen akebakke. Skikro og varmestue er åpne når anlegget er i drift. Skiutleie med godt utvalg i alpinski, brett og noen turski.


Eikedalen
Omlag 35 min frå Sjøtunet (klikk her for reiserute). Eikedalen Skisenter byr på 7 ulike heisar som tar deg til eit breit utval løyper. I tillegg finn ein varmestove med kaféteria, skiutleige og skiskule for ulike nivå. Følg linken over for meir informasjon om opningstider og snørapport.

Sjusete Skisenter
Omlag 15 min frå Sjøtunet  (klikk her for reiserute), finn du Sjusete Skisenter. Kilomter på kilometer med preparerte løyper til deg som er glad i å gå på langrennski.